Historikk


Det hadde vore lenge snakka om at vi burde ha eit grendehus som bygda kunne samlast i.

I 1987 vart det valt ei økonominemd som skulle samla inn pengar til å få bygd eit hus.

Den var samansett slik: Erling Heggem, Egil Fostervoll, Åse Dahlen og Odd Norvald Heggem.


Det første beløpet som kom inn var ei gåve frå ei skulefest på skulen på Kr. 550,-

Vi held basarar, stod for dansefester i Gjemneshallen, utdeling av telefonkatalogar og vi tok på oss å vaska ned meieriet på Høgset som da var nytt.


Vinteren 90 - 91 kjøpte vi tømmer på rot og vi hogg og køyrde det fram på dugnad. Vi leigde Lars Otnes frå Valsøyfjord våren 91 til å skjæra tømmeret, det vatr gjort på idrettsplassen, bygdefolket stilte opp på dugnad. Materiala vart lagra på mange plassar rundt om i bygda den neste vinteren.


Det var Kjell Heggem som foreslo namnet Heggem Allaktivitetshus som eit foreløpig namn, da det var viktig at alle lag og organisasjonar kunne bruka huset.


I 1991 vart økonominemda forandra til bygge og finaniseringskomiteen og Oddbjørn Aspås som da var rektor på Heggem skule vart med som medlem oppnemnd av kommunen.

I september fikk vi teknisk godkjenning av Kulturdepartemenent


18 mai byrja vi å støypa grunnmurane, tomta var da allereie grove på dugnad. Det var Kleive Betongbygg som hadde ansvaret for bygginga. Det var folk med på dugnad heile tida under bygginga.


Kostandoverslaget var på 1 850 000.-

Vi fikk Kr 480.000.- i tilskot med kommunen, Kr. 460 000.- i tippemidlar. Kr 77 000.- i andre tilskot, 28 000.- i gaver, vi arbeide dugnad for Kr. 560 000.- og vi samla inn Kr. 245 000.-.


Da Allaktivitetshuset var ferdig var vi gjeldfri.

Under vises noen gamle bilder fra en av de mange dugnadene.Fra-bygginga.jpg