OSMARKA er ei lita bygd i Gjemnes kommune på Nordmøre. Osmarka har ca 70 husstandar og mange hytter og fritidshus.

Osmarka er ei flott bygd å bo i i alle dei fire årstidene.

Spesielt attraktiv er nok bygda om vinteren pga stabile snøforhold og topp løypeforhold.

Om sommaren er det langgrunne sandstrender som lokkar, og fine fjell og turstiar.

Bygda har ein butikk med bensinstasjon og ein moderne barnehage med eit stort uteområde.


Skulen som ungana våre går på ligg i nabobygda Angvika, kun 10 min unna.

Dei som har sin arbeidsplass på Osmarka driv først og fremst innan landbruk.

Dei fleste andre som jobbar pendlar til Molde, Kristiansund, Sunndal, Nesset, Batnfjord og Hjelset.

Osmarka ligg midt imellom mange attraktive arbeidssplassar, så det er ikkje vanskeleg å bu på Osmarka og likevel finna seg ein jobb av interesse.

Et bustadfelt er utlagt i Furuhågveien, midt i bygda. Det har vorte bygd fleire hus der dei siste åra, men det er fleire tomter ledige!